Kvar er rettferda i rettsoppgjer? Ope arrangement med Erik Møse (norsk jurist og ekspert på menneskerettar).
Erik Møse vil snakke om sine erfaringar som dommar ved FNs straffedomstol for Rwanda.
Høgsterettsdommar Erik Møse er dommar ved Den europeiske menneskerettsdomstol i Strasbourg. Han var medlem av FNs straffedomstol for Rwanda frå 1999-2009. Frå 1999-2003 var han visepresident, og frå 2003-2007 var han president.
Let's be fairer ein arrangementsserie i Bergen ressurssenter for internasjonal utvikling våren 2014. Føremålet med arrangementsserien "Let's Be Fair" er å utfordre etablerte oppfatningar av kva som er rettferdig. Kva tyder rettferd for vårt syn og forsking på økonomisk vekst, helse, bistand, samfunnsutvikling og fordeling?
I løpet av våren 2014 vil nokre av Noreg sine fremste forskarar innan ei rekkje disiplinar (økonomar, samfunnsvitarar, medisinarar, juristar og filosofar) som arbeider med temaet "rettferd" i si forsking besøke Bergen ressurssenter. Alle arrangement er gratis og opne for alle.